GLEDE: Det var mye godt humør og song-glede på festen. Ordførar Marianne Bremnes heldt ei rosande tale for X-klubben og song to songar på jubileumsfesten. Foto: Kåre Torvanger

Ordførar Marianne Bremnes helt ei rosande tale for jubilanten og dei som var med på å halde liv i klubben. Med seg hadde ho ei gåve på 5000 kroner. Den vart motteke med stor jubel og leiaren, Morten Norwich, lova å ta godt vare på bursdagsgåva og var sikker på at den ville vere med på å utvikle klubben vidare.

Allsang

Allsongen hadde god plass og dei opna ein lang seanse med ”La oss leve for hverandre”. Det er nærast ein mottosong for klubben. Kråkenes familieorkester med pappa Bjørn Erik på gitar og Mathias og Jonas på tangent og bass akkompagnerte friskt. Og mange stilte gjerne opp i forsongargruppe - også Marianne Bremnes. Men ho bidrog i tillegg med to fine solosongar. Det gjorde også Karl-Johan Ellefsen.

- Eg syns det er kjempemoro å få vere med på festen, sa ho og uttrykte takksemd for få oppleve så mye godt humør og glad allsong.

Gerd Mai Jenssen orienterte om historia til klubben og sa at det var i 1992 at KFUM i Harstad med Oddvar Larsen i spissen tok initiativ til å gje eit fritidstilbod etter at institusjonen Trastad i Kvæfjord vart lagt ned. I mangel av eit namn kalla dei den for X-klubben. Meininga var å endre dette når eit betre namn dukka opp. Men namnet er blitt ståande. KFUM/K drifta klubben lenge, men no er drifta knytt til Harstad, Trondenes og Kanebogen menigheter.

Godt samarbeid

Oddvar Larsen var lenge leiar for X-klubben. Sidan har Lars Martin Skipevåg og Tori Aas teke over. Men no er det altså Morten Norwich som er leiar. Før hadde dei møte på Soldathjemmet, men no er det ein gong i månaden på Bergseng menighetshus.

Gerd Mai avslutta med å seie at det er alltid koseleg å komme til klubben, for her er det mye glede og godt samhold.

Etter kake, vaflar og loddtrekning understreka Morten Norwich det gode samarbeidet med Mandagsklubben i Kvæfjord og Teodorklubben i Evenes. Også samarbeidet med Johnsen Bil har gjeve dei rimelege leige av bilar for frakt av medlemmar til ulike arrangement.

- Dei første 25 åra til X-klubben har vore ei fantastisk reise, avslutta Norwich.

HISTORIE: Gerd Mai Jenssen orienterte om historia til X-klubben
Fest: Det var kake, gaver og stor stemning da x-klubben ble feiret denne uka. Se flere bilder på www.ht.no.