Det rådde ei fin og god atmosfære under jubileumskonserten til Harstad Janitsjar. Korpset fekk vist noen høgdepunkt av repertoaret sitt, men der var også plass til andre tilbakeblikk og overraskingar.

Nils Mehren var konferansier og med sin lune humor leia han oss gjennom programmet og trakk fram noen hendingar i historia til korpset. Intervju med fleire personar hadde også NRK-journalisten fletta inn.

Frykt

Mellom anna fekk vi høyre at det var tanken om å legge ned Divisjonsmusikken og at Harstad skulle stå utan musikkorps som førte til initiativet til å stifte Harstad Guttemusikkorps – som altså seinare gikk over til å heite Harstad Janitsjar. 10. februar 1927 blei stiftinga protokollført.

Eit gammalt bilde av det første korpset tel 15 medlemmar. På scena denne jubileumskvelden var det over 40. Samarbeidet med Divisjonsmusikken gjennom alle år vart understreka. Dirigentar er ofte henta frå musikarar i FMKN og noen var også å sjå som støttespelarar i korpset. Det er altså eit korps med musikalske ambisjonar og ønskjer å gje medlemmane sine musikalske utfordringar. Ei viktig oppgåve har også vore å gje unge i byens skolekorps høve til å utøve musikk på eit høgare nivå og på den måten vere del i eit springbrett for vidare musikalsk karriere.

Satse på musikk

Ein av solistane på konserten er døme på det. Nina Emilie Karlsen hadde ei sikker og nydeleg tolking av Carl Maria von Weber sin Clarinet Concertino. Den er både musikalsk og teknisk krevjande. Med ein fin tone og overbevisande virtuositet leverte ho ei vakker og imponerande framføring. I intervjuet etterpå fortalte ho at ho ville satse på musikk som leveveg og helst komme tilbake til Harstad og FMKN for å ”hjelpe til”. Det fekk ho spontan applaus for. Ho er i så fall ikkje den første som har gått den vegen. Mange profesjonelle musikarar frå Harstad har spelt i Harstad Janitsjar.

Men korpset består for det meste av glade amatørar og ein av veteranane vart trekt fram. Torgeir Larsen fortalde korleis alt dagleg stress forsvinn straks dirigenten hevar takstokken på øvingane. Ved sida av dei musikalske utfordringane og det sosiale miljøet er dette motivasjonen for å vere med i Harstad Janitsjar. Det er nok mange som kjenner seg igjen i nettopp det. Han tok også imot blomsterhelsing på korpsets vegne frå Harstad Kulturhus ved Løkholm.

Tidlegare dirigentar

Dei fleste vart vel overraska då dirigenten ikkje dukka opp etter pausen. At konferansieren tok dirigentstokken og freista sette i gong Casablanca-potpurri fungerte tydleg ikkje. Men det som så skjedde var både elegant og flott. For inn kom den eine tidlegare dirigenten etter den andre og dirigerte høgst ulike karakterar i det samansette verket. Først Ole Thomas Gjærum, så Heidi Cecilie Fredrikson, Wolfgang Schmitt, Halvard Bakkelund, Børre Birkeland, Lasse Skalle og Jan Magnus Dahle. Det var ein artig og fin måte å presentere tidlegare dirigentar. Jan Magnus Dahle er vel den eldste av desse. Han bur no i Stavanger og var som Halvard Bakkelund kulturskolerektor. Det var på 90-talet.

Ole Thomas Gjærum hadde arrangert det varierte verket på ein morosam måte. Han var også solist på flygelhorn i eit bestillingsverk for korpset. Dette var tredje gongen korpset framførte Skjærgårdsø av Bjørn Willadsen. Det er eit vakkert verk som første gang vart framført med Knut Iversen som solist i 1995. Denne kvelden var det Magnus Wærness som gav ei fin tolking av verket med det kjente Hamsun-diktet. Wærness var også solist på eit av høgdepunkta på konserten. Nemleg Anthem frå musikalen Chess.

Korpset spelte best når dei var i tutti og fart. I mindre ensembler var det noen ganger meir gjennomsiktig og avslørte ujamn intonasjon. Programmet var interessant og variert frå Knut Aasviks arrangement av Grovens Hjalarljod til det meir ”Iliosprega” Arctic Funk. Leif ”Skiff” Berg var lenge sentral i Harstad Janitsjar. Hans arrangement av Oye Como Va vart heftig og latinrytmisk framført med sonen Eirik Berg som solist på vibrafon.

Artig og musikalsk interessant var også ”Per, du lyver; Javel, Kaptein”. Arrangøren Lars Erik Gudim hadde her jazza opp kjente stykker frå Peer Gynt-suiten av Grieg.

Eit solid punktum på ein hyggeleg jubilemskonsert var ei god framføring av den vakre Valdresmarsjen.