Styrken merkast i det musikalske og det dramaturgiske. Den svenske sopranen Hannah Holgersson viste seg å vere eit svært godt val. Ho høyrer utvilsamt til i den øvste divisjonen både når det gjeld kvalitet og formidling. Ho er rekna som ein av Sveriges mest allsidige songarar og fekk viste oss litt av sitt mangfald.

Strålande

Vokalisen i Villa-Lobos´ Bachianas Brasileiras var innvendt, nydeleg og skapte forventning, medan to songar av Sibelius blei både dramatisk og lyrisk sterkt formidla.

Ho var sikker og berørte oss både i Musettas vals frå La Bohème og i den glade duetten frå La Traviata av Verdi, medan ho strålte overbevisande i I Feel Pretty frå West Side Story. Litt av eit høgdepunkt! Salen jubla!

At kvelden konserten vart så vellykka skuldast ikkje minst konferansieren Åsleik Engmark. Han har ei kjent stemme og er mellom anna komikar og skodespelar. Han sørga for streng regi utan dødpunkt og framfor alt god kontakt med salen! Det vart sjølvsagt mye prat – mye raskt og morosamt prat. Og vi let oss villig underhalde.

På seks minutt

Litt forsiktig i begynnelsen, men sidan tok det fleire gonger heilt av. Smilet og latteren kom lett fram i dei mange uvanlege og humoristiske presentasjonane. Framstillinga av rang og forhold i korpset var utruleg festleg og burde festast til papiret! Likeins var det høgt tempo og mykje komikk når han tok ”heile” Carmen på seks minutt. Saman med korpset song og agerte han alle rollene og fortalte historia på ein kort og artig måte der både røvarane i Kardemommeby og John Arne Riise som tyrefekte etterkvart fekk plass.

Også i improvisasjonar over ulike nyttårsønske overraska han med spreke verbale og vokale krumspring. Om han ikkje heilt kunne måle seg med den sanglege kvaliteten til Hannah Holgersson let vi oss villig imponere over diksjon, regi og gjennomføring, - ikkje minst i duettane med den dyktige sopranen.

God stemning

Det er tredje gongen den finske dirigenten Hannu Koivula dirigerer FMKN. Han trivdes tydeleg svært godt framfor korpset denne gongen. Han gav songarane våkent tonefølgje og balansert klang. Sjølv hadde han arrangert fire av innslaga for korps. Spesielt fargerikt var opningsnummeret – ein frisk instrumental sats frå Villa-Lobos´ Bachianas Brasileiras. Korpset var tydleg inspirert og leverte så det heldt. Prologen frå West Side Story var eit høgdepunkt.

Sjølv om konserten i år har ei klår komisk vriding passa det fint inn med den tradisjonelle nyttårsavslutninga. Stemninga drog seg opp med vals, sjampanjegalopp der slagverkarane var i aksjon bak flasker, glas og marimba og til slutt Radetzkymarsj med dirigert klapping og stjernesmell.

At korpset på denne nyttårskonserten har knytt til seg sterke krefter innanfor kvart sitt felt var tydleg ein god ide! For når blandinga av musikalsk og verbal kvalitet blir som på denne konserten endar det med ei supergod og underhaldande oppleving.

Nyttårskonsert

  • Hannah Holgersson, sopran

  • Åsleik Engmark, konferansier og songar

  • Forsvarets musikkorps Nord-Norge (FMKN)

  • Hannu Koivula, dirigent

  • Harstad Kulturhus, Storsalen

  • Laurdag kl. 18 og (20.30)

  • Publikum: ca 1200(658 + 552)

KONTAKT: Konferansieren Åsleik Engmark har ei kjent stemme og er mellom anna komikar og skodespelar. Han sørga for streng regi utan dødpunkt og framfor alt god kontakt med publikum. Foto: Kåre Torvanger
KVALITET: Den svenske sopranen Hannah Holgersson høyrer utvilsamt til i den øvste divisjonen både når det gjeld kvalitet og formidling.
KOMIKAR: Åsleik Engmark baud på seg sjølv. både som komikar og songar. Foto: Kåre Torvanger
SMELL: Eivind Siljeholm fekk sjampanjekorken presist i lufta under sjampanjegaloppen.