Dette er den 11. gongen FMKN innbyr til Swinging Christmas og underhaldningsfaktor og kvalitet ligg neppe tilbake for dei forrige. Det populære førjulsinnslaget har etterkvart blitt utvida til ein turné der i år  Bodø, Sortland, Finnsnes og Bardufoss også får oppleve korpsets gåvedryss.

Swing

Den erfarne og allsidige dirigenten Frank Brodal hadde god styring med groove og innsatsar og vi fekk oppleve hans musikalske mangfald både som solist og arrangør.

Korpset har styrka det svingande manskapet med Fred Glesnes på saxofon, Marius Haltli på trompet, Jørgen Gjerde på trombone og Jens Thoresen på gitar. Kvar av dei var opp til fleire gonger frampå med sikre og strålande improvisasjonar.

Korpsets eigen rytmeseksjon sytte elles for militær presisjon med god timeing og eit groove som løftar Swinging Christmas til ein eigen dimensjon.

Skyhøg

Ole Børud var kveldens gjestesolist. Namnet er kanskje ikkje kjent for mange, men det er all grunn til å merke seg det namnet. Han leverte svært solide songprestasjonar. Hans lyse soulstemme kom nydeleg fram i hans tolkning av ein vakker souljazzversjon av Silent Night og i hans eigen Maybe. Medan han i musikalske gladlåtar hadde eit meir funky preg også svært sikkert og med imponerande jazzpop vokal. Det er tydeleg at han veit at teksten betyr noe! Så skal han også operere på eit ”skyhøgt internasjonalt plan” innan ein populær musikalsk trend med sterke element av soul og funk.  Han er stor i ein voldsom rennesanse av westcoastpop med røtter i tidleg 80–tall i følge programmet. Noen huskar nok den berykta Børudgjengen som pappa Arnold Børud leia. Dei gav i mange år norsk kristenpop opptil fleire ansikt. Frå han var liten gut deltok Ole i den musikalske gjengen.

Smakfullt

Den svingande storbandklangen hadde noen vakre avbrekk.  Ann-Julie Skarpmo  med sin euphonien stod for eit av dei med eit nydeleg foredrag i Nordnorsk julesalme. Eit anna innslag som gav gåsehud var dirigenten sjølv som på trompet gav ein versjon av Det hev ei rose sprunge vi seint vil gløyme. Frå eit lågt luftig register med eit smakfullt klangleg non-rytmisk gitarakkompagnement til trompetens høgaste glans med fullt orkester fekk han fram styrken og venleiken i denne julesongen. Dette og eit par andre arrangement var gjort av Lars Eirig Gudim som har dirigert korpset fleire gonger.

Kveldens dirigent hadde også smakfullt arrangert mange av innslaga. I Jingel Bells gikk det heftig for seg og særleg treblåsarane vart sett på harde tekniske prøver. Men det gikk som smurt for denne gjengen!

Julas fargar i blått, rødt og grønt gikk igjen i ei smakfull dekorativ lyssetting og god lydmann sørga for balansert og god lyd.

Publikum tok godt imot dei musikalske julegåvene og fekk White Christmas og ein artig kanefart som ekstranummer etter begeistra applaus. Ingen tvil om at folk verdset FMKN!