Både Heidi Ruud Ellingsen og Tarjei Grimsby har nyleg teke imot prisar og FMKN er letta og glad etter å ha vore nedleggingstrua og når også lyd og lys yter på sitt beste så blei årets førjulskonsert ein fest.

Korpset har mange klanglege variantar. Denne gongen stilte dei i storbandoppstilling og alle med mikrofon. Med ein lydmannen som har stålkontroll på balanse og effektar slo eit lydbilete imot oss av aller ypparste klasse.

Teatralsk

Heidi Ruud Ellingsen er ein artist vi har gledd oss til å høyre. Og ho skuffar ikkje.  Ho viser stort overskot og spreier humør og glede og er til tider ganske teatralsk i sine framføringar. I tillegg overbeviser ho reint musikalsk med si vakre og glade stemme.

–Dette er det artigste æ veit! sa ho like etter ei forrykande framføring av My Favourite Things  i eit heftig oppjazza arrangement. Ein kan lett forstå at ho fekk prisen for Årets Musikalartist. Den fekk ho for rolla som Mary Poppins i den kritikerroste oppsettinga på Folketeateret. ”Det nærmeste man kan komme en komplett musikalartist”, heitte det i dommen frå juryen. Men den unge narvikjenta er alt tidlegare kjent frå mange oppsettingar som mellom andre Spellemann på taket, Spring Awakening, Les Miserables og Singing in the rain.

Heide Ruud Ellingsen song også norske songar og skapte nær og god stemning med Hoff sin Nordnorske Julesame og Stangnes sin Vise ved vintersolkverv. I Det hev ei rose sprunge, førte arrangementet oss frå det heilt svake til det imponerande storslåtte.

Smittande

Ein let seg lett smitte av dei elegante og swingande framføringane. Det uvanleg proffe  lydbiletet var berre å nyte spesielt i dei amerikanske tradisjonelle swinglåtane som Jingle Bells, When you wish, Oh Tannenbaum – noen i så flott storbandarrangert at melodien nesten blei bort.  Her bidrog dei innleigde musikarane Marius Haltli på trompet og Fred Glesnes på saksofon med improvisasjonar som vekte applaus.

Men også dei rolege norske tradisjonelle julesongane var kledd i smakfulle arrangement. Uvanleg , spesielt effektfullt og stemningsskapande var Mitt hjerte alltid vanker med Synnøve Li som dyktig solist på fløyte. At korpset har topp musikarar viste også Henning Andreassen som var trombonesolist på Quincy Jones – låten The Midnight sun will never set.

Dirigenten Tarjei Grimsby var også ein humørspreiar. Han hadde eit godt samarbeid med musikarane, spesielt rytmeseksjonen og saman skapte dei den rette grooven når det trengtes. Han er ein ettertrakta trombonist noe vi fekk oppleve i ei smakfull og virtuos framføring av Frode Thingnæs` Gentle. Pris har han også fått. Som første trombonist i Skandinavia, vart han i år utnemnt til artist for det prestisjetunge trombonemerket Rath.

Jubel

Det var leiaren for Kystjegerkommandoen som presenterte Swinging Christmas. Han uttrykte gled over at forsvarsbyen og kulturbyen Harstad hadde fått beholde både KJK og FMKN og takka alle som hadde engasjert seg.Mellom publikum var det mange uniformerte å sjå, og besøkstalet var nesten dobla i høve til i fjor. Det er flott for det er høg kvalitet på det som dette korpset presenterer.Publikum tok godt imot dei musikalske prestasjonane og korpset kvitterte med ein artig kanefart, Sleigh Ride av Leroy Anderson som ekstranummer. Jubel for FMKN!

KONSERT:

Swinging Christmas (6)

FMKN

Gjestesolist: Heidi Ruud Ellingsen

Korpsets solistar:

Kaptein Synnøve Li, fløyte

Kaptein Henning Andreassen, trombone

Forsterkningar i korpset:

Marius Haltli, trompet

Fred Glesnes, saksofon

Kjetil Andreassen, gitar

Tarjei Grimsby, solotrombonist og dirigent

Thomas Nordvik Olsen, lyd

Owe A. Berthung, lys

Laurdag kl 18

Harstad Kulturhus

Storsalen

Publikum: 465